Litteraturfestivalen Ingeborgdagene er et kulturarrangement på Tangen med fokus på litteratur, men også teater, billedkunst, dans og musikk. Arrangementet er knyttet til Ingeborg Refling Hagens kunstnerhjem Fredheim. Her er noen glimt fra det som skjedde 2. og 3. oktober 2020.
Etter velkomst ved styreleder Inger Sleppen ble det bokbad med biblioteksjef Mailin Toft i samtale med forfatter Ellen Fjestad.
Koldtbord med fantastisk mat og smittervern-korrekt servering.
Opplesning
Hallvord Reiar Michaelsen Steen framførte novella «Toner» fra Ingeborg Refling Hagens debut-verk «Når elv skifter leie», og James Dickenson spilte piano til.
Lørdag 3. oktober var det skrivekurs for 5., 6. og 7.-trinnselever ved forfatter Ellen Fjestad. Frode Kayser fortalte om sitt møte med Ingeborg Refling Hagen og Margrethe Nordmoen om hvordan Ingeborg var inspirert av folkesangen og folkekulturen. Til slutt åpnet Solbjørg Tveiten kunstutstilling med sang og tale, og de mange frammøtte fikk oppleve Roar Kjærnstads bilder på veggene i Kulturlåven.
Yngvild Fagerheim holdt en rørende tale til Roar Kjærnstad. Vi har fått lov til å gjengi den her:
Yngvild Fagerheim:
Tale til Roar Kjærnstad, ved åpningen av utstillingen hans på Ingeborg Refling Hagens kulturhus Fredheim, lørdag 3. oktober 2020.
Kjære Roar.
Kven hadde aning om at den vesle guten som sat og rugga i ein gyngestol på Sululi, og alvorleg studerte bildene til Olav (Starheim) skulle verte deg!
Når eg prøver å gå tilbake i tanken, kan eg ikkje hugse at vi snakka så mykje med deg, men kanskje fornam vi eit várt sinn som skulle få fred til å vere i seg sjølv og opplevingane sine – utan krevjande spørsmål. Men eg hugsar vel då du på ei juleutstilling kjøpte eit av krusa mine og stolt fortalde: Det er julegave til far. Det rørde meg sterkt, og gjer det framleis.
Så forsvann du for oss i mange år, langt ut i Europa – og dukka ein juledag fram av mørkret på trappa vår – og var i ferd med å verte vaksen og verdensvant. Elegant – men framleis med eit várt og varmt sinn. Så, i dag, ein vaksen Roar, Vallsetbuar og familiefar som skal, som alle som vågar å slå seg ned nordom Sinsenkrysset, få kjenne på problematikken: sentrum/periferi.
Då eg flytta til Espa for 40 år sidan, ropte venene mine ekstra høgt i fast-telefonen: Hvordan har du det der oppe!?? Svært urolege over at eg var flytta til skogs. Dette var rett nok før Bolleland!
For nokre år sidan kom Carl Nesjar innom oss heime. De veit, han som fekk Picassokunst opp på veggene i regjeringskvartalet – og som heldigvis slapp å oppleve det groteske, at Y-blokka er lagt i grus. Dette huset som i årevis på 1970-tallet var fylt med norske kunstnarar sin energi, då vi snekra saman fundamentet som all kunstpolitikk seinare har vore tufta på, nemleg at kunsten og kunstnarane i Norge skal ha levelege arbeidskår. – Carl Nesjar steig inn i Olav sitt atelier og utbraut: Du skulle jo ha vært i New York!
Ja, då han sa det forstod både Olav og eg kva han prøvde å sei: at bildene til Olav var like dynamiske som på ateliéene i New York, og at det burde ikkje vere ei hemmelegheit. Men vi kan jo ikkje alle vere i Berlin, London, New York – og for den saks skuld, Oslo. Har vi tru på at kunst med eit stort ord «høyrer folket til», må kunstnaren våge å tru at «sentrum», det er «der du sjølv er», og våge å utfordre eigne tankar og evner, i einerom, men med verdskunsten syngande som ei kraft rundt seg.
På opninga av Ingeborgdagane må vel vi som kunstnarar vere djupt rørde av hennar livsskjebne, der ein brutal krig sender henne meir eller mindre smadra, heimatt til barndomsheim og Tangen, frå eit pulserande, politisk engasjert kunstnarliv i Oslo – og her greier å reise seg att – og ause ut sine syner og kunnskap – ut over ungdom som var – og er – tørste.
Derfor, Roar, er der styrke å hente i eit så avsindig trassig sinn som Ingeborgs – som indirekte er skuld i at i eit hus på Espa kunne du ete heimebaka brød og sjå på bilder, og kanhende få trua på at det som var i ferd med å vakne i deg som smågut, var noko du ikkje stod åleine med. Kort sagt: Lidenskapen budde óg i nabohuset!
Takk for at du bur i Vallset med din vesle fine familie. At du har ei mor med energi som gnistrar oppi bakkane våre, og at du framleis kjenner uro og utferdstrang som viktig del av det å skape.
Til lukke med utstillinga!