Ingeborg Refling Hagens kulturhus Fredheim [logo]

Ingeborg-dikt i Dag og Tid

Litteraturprofessor Vigdis Ystad skriver fast i lyrikkspalten i Dag og Tid, og 5. april har hun valgt Ingeborg Refling Hagens dikt «Og det skjedde i de dager».

Ystad skriver «Ingeborg Refling Hagen (1895-1989) var uvanleg sterkt engasjert i samtidshistorie. Kjend som ein sterk motstandar av samtidas nazifisering, noko som kjem fram i dagens dikt frå samlinga Livet svikter ikke livet (1960), som no verkar meir aktuelt enn nokon gong.

Måndag 25. mars markerte me Maria bodskapsdag, der kontrasten millom dagens krigstrugsmål og den kristne bodskapen om fred, forståing og kjærleik er hovedpoenget. Til liks med fleire andre dikt og i ei rad bøker (romanar) har ho vore sterkt oppteken av Maria-skikkelsen, og me ser kor godt ho kjenner dei mellomalderlege Maria-legendene. Forfattarskapen kviler trygt på ei sams europeisk idéhistorie, dette var alltid eit hovedpoeng for henne.

Å lesa Refling Hagen krev kunnskapar og vekkjer til live grunnleggjande europeiske åndshistoriske tradisjonar. Måtte det berre hjelpa oss i dagar som desse!»