Ingeborg Refling Hagens kulturhus Fredheim [logo]

Kongen som ikkje skulle bli konge

5. nov. 2024, kl. 18:00

Foto: Hans Jørgen Brun

Landslova av 1274 er eit storverk i norsk og europeisk historie. Den var den tredje riksdekkjande lovboka i Europa i mellomalderen. Den andre lovboka som regulerte samfunnet i full breidde. Og Landslova var den fyrste lovboka som faktisk vart nytta.

Bak dette storverket stod kong Magnus 6. Lagabøte. Han var kongen som ikkje skulle bli konge, men vart ein av dei viktigaste norske kongane i mellomalderen. Kven var han? Og kven stod tett på kongen og var hans fortrulege i arbeidet med Landslova?

Jørn Øyrehagen Sunde har i 10 år vore sentral i planlegginga av 750-årsjubileet for Landslova. Fredheim feirar jubileet med eit foredrag der han gjer historia levande og nær, innramma av korsang med tekster av Ingeborg Refling Hagen.

Tidspunkt

  • 5. nov. 2024, klokka 18:00 - 19:30

Medvirkende

Jørn Øyrehagen Sunde

Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) tok doktorgraden ved Det juridiske fakultet i Bergen i 2007, vart professor i rettshistorie der og frå 2019 professor ved Universitet i Oslo. Han har og arbeidd som forskar ved Museet Baroniet Rosendal, mellomaldersenteret i Bergen og Nasjonalbiblioteket. Sunde har publisert og redigert ei rekkje bøker og skrive mange artiklar. Han har fått fleire prisar for formidling, førelesing og forsking.