Ingeborg Refling Hagens kulturhus Fredheim [logo]

Huldra Hildur

I framsyninga møter vi Tore (Even Lusæter) som skal ha ansvaret for setra gjennom sommaren. Han skal mjølke og stelle, og ta vare på alle dyra og passe på at alle har det bra.

Vi møter også Hildur (Mari Midtli), ei sanglad hulder som bur på setra. Ho ser til at Tore gjer det han skal, og spelar han eit puss eller to gjennom sommaren.

Framsyninga formidlar historier frå setra og om huldra, engasjerande og spennande episoder mellom Tore og Hildur, og fengande barnemusikk med både dans og allsong. Musikarane er Aslak Brimi, Mads Erik Odde, Pål Svindland og Espen Wensaas.

Framsyninga er ca 30-35 min, og passer for barn frå 4 år og oppover, kanskje særleg 4 til 8 år.

Gratis. Send epost til post@kulturhusfredheim.no for å reservere billetter. Oppgi antall voksne og barn.