Ingeborg Refling Hagens kulturhus Fredheim [logo]

Odde & Holmen

9. feb. 2025, kl. 18:00

Odde & Holmen har sidan 2012 utforska korleis ein kan utvikle potensialet til hardingfele i samspel.

I denne konserten vil duoen presentere komposisjonar av Eivind Groven for hardingfele, både sololåter og trilogien «Regnbogen» for to hardingfeler. Komposisjonane til Groven for to hardingfeler er unike og stikk seg ut gjennom sin hybrid mellom symfonisk stil og slåttestil.

Tidspunkt

  • 9. feb. 2025, klokka 18:00 - 19:00

Medvirkende

Bjørn Kåre Odde

Bjørn Kåre Odde (f. 1990) kjem frå Garmo i Lom, busett i Vågå. Han spelar fele og bratsj i fleire ulike grupper og ensemble. Bjørn Kåre komponerer og arrangerer mykje musikk sjølv.

Sivert Holmen

Sivert Holmen er ein utøvande og skapande musikar på hardingfele og hardanger d’amore. I musikken hans møter folkemusikk frå Valdres impulsar frå samtidsmusikk og moderne komposisjonsmusikk. Scenisk nærvær og ein lyrisk tone kjenneteiknar spelet hans.