Ingeborg Refling Hagens kulturhus Fredheim [logo]

Draumkvedet med Kim Rysstad

, kl.

Foto: Niklas Berglund

Fyrste gongen Kim Rysstad framførte Draumkvedet var trettande dag jol i 2010, den gongen i ei isande kald Fantoft stavkyrkje. Sidan har Kim kvart år besøkt ulike stadar med Noregs nasjonalepos og visjonsdikt Draumkvedet. Emanuel Vigelands mausoleum i Oslo har vore fast konsertstad for Kim sidan 2015 med to konsertar 6 januar. Konserten på Fredheim vert tjugande dag jol, 13. januar, dagen då mange feiar joli ut av hus. Melodiane til Draumkvedet har Kim lært av m.a. Agnes Buen Garnås og Ellen Nordstoga, medan teksten er Molkte Moe sin restitusjon frå 1890 åra.

"Draumkvedet kan knapt gjøres mer tiltrekkende enn dette" skreiv Aftenposten om plata Draumkvedet (2021) med Kim Rysstad og Kringkastingsorkesteret. Vi gler oss til Kim kjem til Fredheim med si personlege tolking av Draumkvedet på tjugandedagen!

Medvirkende

Kim Rysstad

Kim Rysstad fekk sitt definitive gjennombrot som artist hausten 2019 som deltakar i Stjernekamp på NRK1. Han sjarmerte og imponerte både domarar og heile Noreg på sin veg til finalen, der han vann 2 plassen. Kim har gjeve ut fleire plater i eige namn, der andreplata «Vegen» vart nominert til Spellemann. Kritikarfavoritten «Snøen laver ned», ei joleplate med sjølvaste London Philharmonic Orchestra, nådde 1. plassen på iTunes liste over mest solgte album i Noreg. I 2019 vart folkemusikken frå Setesdal innskriva på UNESCO's liste for «immatriell kulturarv», dette inspirerte Kim til å gå attende til røtene og i fjor kom boka «Or Setesdal» til både 5 og 6 på terningane.